KYLLING MED MANGO SALAT, OG NY UTDANNING PÅ GANG!

God morgon alle fine!

Æsj, vakna til grått vær i dag, men det gjer ingenting. Eg kosa meg inne med ein kopp te og friends på Netflix, sola skal komme igjen imåro☺ Og tross alt, eg har litt å ta fatt i, no som eg har registrert meg på AFPT sin kostholdsveiledar utdanning! Eg har tenkt på det soo lenge no. Endeleg tok eg sjangs og meldte meg på! ☺

Gledar meg til å sitte med masse meir fakta og læring og har verktøya til å hjelpe dei som ønsker det. Om eg er flink, so er eg ferdig om rundt 4,5- 5 mnd. Det er masse lesestoff og ting å sette seg inn i,men det er berre kjekt. Når det gjeld dette temaet sug hjernen min til seg det ein les og høyrer☺

Håpar de er intresserte i dette, gledar meg masse til mine første kundar eg kan hjelpe!☺

Tilbud og kontakt for dette vil de finne her på bloggen når den tid kjem☺
#gira !

Over til den dødsgode salaten eg lagde etter trening igår.

Eg har inspirasjonen frå favorittsalaten min frå ein italiensk restaurang som er SO god. Kombinasjonen med kylling,mango og pesto er berre heilt rå.
Er du glad salater og ønsker ein sunn og god middag eller lunsj, må du prøve denne!;)

image

Du treng:

♡  ca 130-150 gr kyllingfilet
♡ 4 medium tynne skiver mango
♡ 1 ts pesto
♡ grønn salat
♡ Mais
♡ Litt kikkertar
♡ 1\2  avokado i skiver

~ Skjær kyllingen i biter  og steik den i litt kokos olje. Eg krydra den med salt,pepper,koriander  og chicken and strak blandings krydder.
~ Kutt opp salat,avokado og mango.
~ Ta 1/2 ts pesto på kvar side av tallerken, og dra den utover med ei t-skei. ~Ha salat,avokado,mais og litt kikkertar i. Mangoen kan du og kutte opp I bitar om du vil.
~ Ha i kyllingen og avslutt med å dryppe litn olivenolje over,om du vil. Eg hadde ikkje.
Salaten drar seg eit hakk høgare om du strør på litt parmaskinke og har foccacia ved sidan;)

Magert,proteinrikt, sunt og godt!  ☺

image

Advertisements

One Comment Add yours

  1. leneaarnes seier:

    Eg har også tenkt og ta kostholdsveileder-utdanningen via AFPT,men venter litt med det sia eg fortsatt går i ammetåke 😉

    Blir spennande og følge bloggen din viare 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s