RYGGTRENING

Hei og go kveld alle!

Nok ein regnfull å grå dag ute, håpar sola snart vise seg igjen slik at det går an å få vere ute litt☺ Er Kjedleg å ha fri og det er dårleg vér. Har holdt meg oppteken  med nettstudien, og er snart ferdig med modul 1. Etter kvar modul er det ein liten eksamen/test for å komme seg vidare til modul 2. Osv. Har ei bok eg fører opp alt eg ikkje kan slik at eg har det til seinare. Mange navn og diverse greier i kroppen å sette seg inn I.  Men moro å vite korleis kroppen fungerar og fraktar rundt all denne næringen som går til forskjellige ting ☺

I går tok eg pause frå lesing og reiste på gymmet for å ha ein rygg økt. Rygg er min favoritt å trene. Det er so mange goe øvelsar for ryggen, og eg har mange favorittar. + at eg synst det er fint med ein sterk rygg☺  Dei eg utførte i går, og som eg ofte gjer om og om igjen er:

Ståande roing
Pendley row
Einarms roing
Sittande roing
Nedtrekk+dropset til failure
Lats drag, for å pushe ut det siste av musklane.

image

Det blei ei herleg økt!

Etter ein litn hit til mamma og dei var der på tide å komme seg heim å lage seg litt mat, kyllingsalaten med mango og pesto har eg ete 3 kveldar på rad med dag;) Den er superlettvint og kjempe god!

image

image

Fult i farger og gode smakar. Oppskrifta finn du I forrige innlegg☺

Snakkest seinare !

~ M

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s