Heisann!:)
Har vore ein knall dag I dag. Fekk ligge å sleike litt sol på stranda, sjå på båtane som glei forbi, og avslutta kvelden med grilling på stranda med ein gogjeng☺ Einaste som mangla var ei kald øl, men det tek me att på lørdag ☺
Eg og Rikke lagde til litt grillspyd med kylling og grønnsaker. Kyllingen la me i marinade først so det skulle bli ein god smak på den.
Mariell og Lilo chillan litt☺
Lilo og hunden Ira fekk leika og bada seg litt. Kryssa fingrane for like fint ver imorgo! Skal prøve å legge inn ei treningsøkt iløp av dagen og☺
Litt tidlegare i dag fekk eg brukt opp kikkertatane mine som sto I kjøleskapet, med eit tips eg har høyrt før. Eg tørka dei for vatn og hadde dei på eit bake ark, hadde på : salt, pepper,chill pulver og cumin og steikte dei I ovnen på 220 gr.
Eg gløymde renne over litt olje, men dei smakte godt likevell. ☺ Kunne minne om popkorn eller chill nøtter. Anbefalast å prøve!☺
Dei skal vere gylne når dei er ferdige.
I morgon tidleg blir det kanskje ein tur til fjells, deretter ned igjen å nyte været på stranda om det er fint ☺
Håpa alle har hatt ein fin dag idag!:)