Motivasjon, med rett mat og rett trening

Det går sånn opp og ned med motivasjon, når det gjeld kosthold og trening. Slik er det med oss alle.
Nokre periodar er tyngre enn andre. Treninga blir kjedeleg og du er tom for energi, maten blir kjedeleg og vanskeleg å finne på nye ting. Kanskje sklir kostholdet meir og meir ut i vekedagane. Sjølv om ønsket er noko anna kan ofte utfallet bli anleis.

So korleis få motivasjonen opp?Korleis bli betre enn det ein allerede er?

Folk finn motivasjonen i forskjellige ting. Det eg kan finne motivasjon i når eg har litt seige periodar kan vere småting som; Nye freshe treningskle,joggesko, YouTube filmarkiv som gir inspirasjon til trening(her ser eg på Dana Linn Bailey), bilder, artikler om mat og trening som ny forskning, nye matvarer.

Om det trengs litt større innvirkning so endrar eg på treningsprogrammet for nye øvelsar. Ofte blir ein lei treninga og då hjelp dette garantert. Sette seg delmål feks. Om ein har ei muskelgruppe ein treng jobbe meir med, eller ein øvelse ein vil bli flink eller sterk i. Då legg du denne delen inn I programmet og gjer det til hovedfokuset. Her for min del har eg bein, og eg trenar bein 3 dagar I veka no. Både lett og tungt. Det er viktig å komme ut av komfort sona,  det er då ting skjer. Sjøl om du ikkje likar denne delen, so trengs det. Kan ikkje sei eg alltid er fan av knebøy og markløft, men det må til skal eg bli god.

Eg kan og finne på å sette opp forskjellige mat planar med forskjellige råvarer i, slik at eg ikkje går matlei.  Ofte brukar eg Lifesum når eg skal sette opp ein liten matplan til meg sjølv. Denne føl  eg ikkje 100% men går kun utfra den. Det er ikkje alltid eg veg det som står. Noken gonger kan eg ta meir, andre dagar mindre. Matplanen ser eg kun på når eg vil det sjølv eller føler det trengs. På mat planen ligg eg på vedlikeholds inntak, som vil sei at eg verken vil gå ned I vekt eller opp I vekt.

Eg har alltid hatt som mål å bygge meir og meir musklar og holde feitt% sånn passe høg. Ofte kan eg finne på å samenligne gamle bilder med nye, for å skjekke korleis eg ligg an. Som oftast gir resultatet meg motivasjon!☺

I dag fant eg eit formbilde som blei teke for rundt 8 mnd sia. Det er lenge, men ved å ikkje gå på eksakt diett men meir mat og kun fokus på styrketrening og, kun nokre gåtura med hunden i veka, synst eg det var godt å sjå at eg har klart å bygge på ryggen litt! Rygg er jo favoritten å trene  so det skulle berre mangle at eg såg litt forskjell 😉

image

Med rett mat,nok mat og bra og rett trening so kjem du sakte og sikkert I den formen du vil, alt ettersom kva målet ditt er. Ein sunn livsstil er ganske enkel å ha, so lenge du har reine gode råvarer I kjøleskap og frys. Det viktigste er at du har mat som ser fristande ut, og som du har lyst å ete☺ Men det er vintig å ha balanse, det er då kroppen trives best. Hold lørdagane hellige, kvar einaste lørdag (og kanskje fredag;)) har eg dagen open til å ete nett det eg vil. Det går alltid ned over ein halv liter is, smågodt og potetgull. Om eg ønsker det☺ Men pass på, for fort kan det bli sånn heile helga, og då er det dømt til å gå gale om du får craving heile tida. Det betyr at du ikkje får tilstrekkeleg med næring i vekedagane. Kanskje du må ete litt meir?

Eg gledar meg masse til å kunne ta imot kundar til dette  temaet om ikkje lenge. Har de spørsmål om nettopp dette kan de sende meg ein  mail på marle_91@live.no  so kanskje eg kan hjelpe og gjere litt klart til eg er ferdig med studiane ☺

image

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s