Høgkarbo kosthold vs. lavkarbokosthold

Hei folkens!

Er det eit spørsmål som alltid går igjen i befolkningen og media når det gjeld feittreduskjon og kva som er sunt og usunt, er spørsmålet om karbohydrater. Mange har forskjellige meiningar om dette tema, og den vanlige nordmannen har ofte feil utsagn om dette og ein heilt anna oppfatning enn det som er sannheita. Ikkje det at ein MÅ vite kva som er rett og gale og best osv. Det spelar inga rolle. Men det er greitt og ha ein liten oppfatning og litt peiling på det, om ein vil lære om temaet. Personar spør meg om eg i det heile teke åt karbohydrater på dietten min mot konkurranse, og som » Du åt vell ikkje karbohydrat du da?» Då tenker eg berre, veit du nok om å uttale deg på den måten, som om det var den einaste måten å bli «tynn»  på?

Derfor vil eg skrive dette innlegget og forklare litt meir, og kanskje skjønnar det litt meir korleis dette fungerar i kroppen 🙂

For det første, om målet er å redusere feitt prosent, so spelar det nesten inga rolle kor mykje karbohydrat du et til dagleg SO LENGE du et i underskudd. Dvs, du forbrenne meir enn du inntek av mat.  Det er ikkje karbohydrata som gjer deg feit. Det er totalen av inntaket ditt på slutten av dagen.

Dette gjeld og om du trivst best med meir feitt i kosten enn karbohydrat. So lenge dietten er tilpassa deg mtp kcaloriunderskudd, so legg du ikkje på deg.

Når ein veit dette kan ein ta neste steget og finne ut kor mykje av feitt,protein, og karbohydrat ein skal ete om ein vil ha betre resultat om du trenar i tillegg og vil nå dei måla du har.

Karbohydrat er kroppen fremste energikilde, og det er denne kroppen brukar fortast opp. 100 gr karbohydrat og mindre om dagen blir regna som lavkarbo.

Kroppen har store karbohydrat lagre forskjellige plassar i kroppen, og kan lagre faktisk opptil 500 gr karbohydrat rundt om.

sweetpotato

Foods high in carbohydrate, isolated on white
Foods high in carbohydrate, isolated on white

Ein treng karbohydrater til : 

– Opprett holde energi, til meir krevande ting.

– Skal du ut på ei lang joggeøkt eller styrketrening, er det greit å innta karbohydrat rik kost med ein god samensetning av proteiner og feitt, ca 1 -2 timar før, for at kroppen skal ha energi til denne økta og ikkje bli fort utmatta.

– Etter intervalltrening/ langdistansetrening/tung styrketrening blir glykogenlagra(karbohydratlagrene) fort tømte på ei økt, derfor er det gunstig å innta eit måltid med ein litt større mengde karbohydrater for å fylle på desse lagrene igjen.

– For at feittforbrenning skal vere opptimal, bør det vere alltid eit lite underlag av karbohydrater i kroppen.

–   For idrettsutøvarar eller dei som trenar eit par timar for dagen, kan du gange vekta med so høgt som 5, for å få best muleg prestasjon.

– Anbefalingane her i Norge for karbohydrater er 45- 60% karbohydrater av kosten kvar dag.

– Er målet å «bulke», legge på seg, bygge meir musklar, er det vanleg å øke karbohydratene ( slik at kcalnivå blir høgare ) fordi dette er ofte den enklaste måten å få i seg kcal på. Feks. pasta, lett og ete of får fort masse kcal i seg.

Kildene til karbohydrater er og viktige, at de har minimalt med sukker og er av grove typer eller fullkorn. Dette mettar meir og sjangs til overeting er mindre.

Når det gjed feitt, er det som sagt det samme, so lenge du ikkje et meir enn kcalbehovet  ditt, er det ingen tydeleg forskming som viser at du blir feit av dette.

Grunnen til at lavkarbo kosthold ofte blir anbefalt til dei som er overvektige, er fordi feitt mettar meir enn karbohydrater. Ein diett beståande av ein god mengde protein og feitt, men og ein  liten andel karbohydrater, blir du fortare mett av og held deg lengre mett utover dagen. Dette kan reduserer overspising då karbohydratrike kilder er ofte fort for å ete for masse av, fordi du blir seinare mett.

Dei som trenar seriøst og opptil 3 dagar i veka, kan dette kostholdet ofte bli ei utfordring, då ein treng energi og oppkvikning til treninga. Dette er frå individ til individ, noken fungerar bra mtp. trening og  lavkarbo kost.

Håpar de har fått eit litt anna syn på karbohydrater, for dei er ikkje so skumle som folk skal ha de til, de kan faktisk få deg i knall form noken gonger! 😉

wpid-snapchat-1565841757896491835.jpgwpid-img_20150717_165230.jpg

wpid-screenshot_2015-06-11-14-42-03-1.png

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s