Proteinbar med fibersirup

Heisann!

Håpa alle hadde ein fin laurdag i går☺
Eg starta helgi med å vaske leilighetn og gjere ferdig den siste eksamensoppgava.

image

image

Resten av kvelden  koste eg meg heime og lagde lasagne til meg å pappa, etterfulgt av film og is☺ Nett slek ein laurdag skal vere! ☺

Vil anbefale å sjå filmen/dokumentaren Generation iron om du er intressert I trening og bodybuilding. Den handlar om vegen til Olympia der kamerateamet føl Kai Green, Phil Heat og fleire andre. Alltid moro å sjå slike dokuar og sjå korleis dei lev liva sine og korleis dei gjere seg klare til konkuransar ☺ Videoen finn du på Netflix!

Over til ein anna spennande nyheit. Funksjonell mat har komme med eit nytt søtningprodukt. Fibersirup!  Etter at hemligheitn bak questbars blei avslørt, har dette produktet skåte i véret trur eg☺ Det er nettopp denne sirupen dei har i barane som får dei til å bli søte, harde og seige.

Eg har prøvd meg litt fram med den, og bedre skal dei bli ☺

Har laga med banan og sjokoladebitar i denne gangen, har og ein med sjokolade smak i kjølen som skal testast seinare;)

image

image

Oppskrift :
~1 scoop proteinpulver banan
~ 1,5 ss mandelmel
~ 1 klype Havsalt
~ 25 gr fibersirup (denne varmer du opp før du har i )
~ Litt hakka atkins sjokolade eller mørk sjokolade
~ 1,5 ss lunket vann eller melk

Bland alt godt ilag og form til ein ball i handa. Finn litt plastfolie og legg baren på den og rull den inn. Klem og form baren slik som du vil og legg den ein kjøleg plass I ca 30  min. Viss du vil kan du trykke inni litt nøtter eller hakka sjokolade før du har den i frysen om du vil ha topping. Du kan og smelte sjokolade etter den er nedkjølt og duppe den I den om du vil ha eit sjokolade lag på baren.
Ca. 22 gr protein og under 7 gr netto karb i 1 bar ☺ Det blir nesten det samme som questbarane inneheld.

image

Seinare I dag blir det kanskje ei lita økt med søsta, men vil ikkje bruke opp all energien sidan eg skal ha tung knebøy imåro. Får eg den opp so blir det pers!  Eg håpar på det beste;)

Ha ein fin søndag! ☺

~M

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s