Planen min framover innan fitness

Heisann! 

Det er 1,5 år sidan eg debuterte i bikinifitness. Bikinibølga var so vidt begynt og ta Norge med storm.No føler eg at eg ser bikinifitness jenter over alt på insta.

Eg hadde ein draum som eg utførte åleine, og avslutta åleine. Med ein god coach i ryggen so klart. 🙂  Målet var nådd, alt slit, svette og tårer var verdt det. Akkuratt då var det det..

Eg får stadig spørsmål om når eg skal stille igjen. Eg tenkjer tilbake på den tida då all trening og mat måtte vere utført til kvar dag. Dei tidlege morgontimane eg måtte opp for å utføre 1 times kardio trening før jobb.

Eg tenkjer og på tida etter konkurransen, då det var det som egentleg føltes vanskligast. Det å gå tilbake til å vere seg sjøl igjen. Både mentalt og fysisk. Det å skulle ete normalt men sunt igjen. Å kunne ete meir enn det ein fekk lov til før. Herregud for ein befrielse det var. Det å kunne nyte so masse frukt ein ville, ete litt meir kjøtt, mengdar generelt. Men det fører og til rare tankar når ein skal opp igjen i vekt osv. Eg sleit litt med det. Det trur eg mangen  i den sporten gjere. Dei er heldige dei som ikkje merkar noko til det. Ikkje før 1/2 år sidan kan eg sei eg var tilbake til normalen, både form og i tankegang.

Eg har veldig lyst å stille igjen. Men blir det verdt det ? Kjem tankane igjen etter at konkurransen er ferdig ? For det var heilt ærleg vanskelg nokre gonger..

Pr. dags dato tenkjer eg lite på kcalinntaket mitt. Eg sørgjer heller for at eg får nok mat, for å bygge ein sunn og sterk kropp. Å sjå litt trent ut, ha litt ekstra her og der, det er slik eg vil vere! So lenge eg veit kroppen min er sunn innvendig og har det bra.

Og det er det som er finast over tid, og ikkje minst sunnast for kroppen over tid! Det er ikkje sunt i det heile teke å gå rundt med låg feitt% heile året, hindre seg i å ete god mat, og å vere nazi på kor mykje kcal ein inntek. Det vil kjennes negativt på både kropp og sjel. Ikkje minst det å sei nei til sosiale sammenkomsta fordi ein er redd for å bli frista av ting og tang. Det går for perioden før ein konkurranse, men burde ikkje forekomma utanom.

Derfor er eg litt usikker på planane i framtida. Herregud so moro det hadde vore å stilt i konkurranse igjen. Hadde eg  fått null bieffekt av det. Kanskjer det går betre med psyken  neste gong eg stiller, kven veit. Eg veit vertfall at eg vil bygge opp eit godt utgangs punkt, utan å gå på nokon ekstrem diett, utan timasvis med kardio. Med god tolmodigheit, tung og smart trening vil det komme etterkvart. I tillegg til ein diett full av god og nok mat.  Tingen er og at no skal alle stille i konkurranse. For meg var det at eg hadde lidenskap for det, og ville bli den som sto på den scena, og eg ville ha heile pakken bak det. Eg har teke med meg livsstilen vidare og det er eg veldig gla for. Eg lærte utruleg masse om mat,trening, meg og kroppen min. Eg ville ikkje ha vore utan denne erfaringa! 🙂

2015-10-29 19.14.25

Det var kult å kunne oppnå  ein slik form, men jammen er eg lykkligast slik eg er no ! 🙂

Advertisements

2 Comments Add yours

  1. Synne seier:

    Eg synest du var knallflink når du hadde oppkøyringa di, og det virka som du hadde stålkontroll 🙂 Det er nok ingen som liker perioden etter, og det vil alltid vere tilvenning, men om ein konkurranse vil gi deg ekstra boost for motivasjonen og måla dine så synest eg du absolutt burde prøve deg igjen 😊😊

    Likar

    1. Heilt enig I det du skriv Synne, konkurranse som mål gir deg enorm motivasjon til å nå målet ein har satt seg! 🙂 og det triggar meg jo veldig til å gjere det igjen;) Men skal gjere det når eg veit at eg klarar fullføre ein slik oppkøyring igjen 🙂

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s