Babysteps is better than no steps.

God morgon !

Vakna litt tidleg og utkvilt , klar for ein ny dag i dag. La meg litt tidleg i går som kan vere grunnen  🙂

Anyway. Når det kjem til progresjon og babysteps, har ting endeleg begynt å skje føler eg. Formen kjem seg saakte men sikkert. Den strammar seg meir inn, eg er litt sterkare enn før. Ikkje at eg gjer alt eg kan for at eg vil ha «bra» og best mogleg kroppssamensetning, Men formen kjem seg automatisk når treninga går bra, og du ikkje stressar med kosthaldet. Er det ein ting eg har blitt flinkare til, er det å ete det eg har lyst på. Og eg er so gla for å sjå kropp,sinn og musklar trivest med det 🙂

2015-11-14 08.51.46

På treninga i går trente eg tung sumomark. Dette er ein øvelse eg nettopp er begynt og trent, og den var litt vrien for nokre veker sidan. Den er litt kulare enn vanleg markløft tykjer eg, og litt morsomare å utføre. Det er greit å variere litt innimellom. Eg vil prøve ta eit maxløft i denne øvelsen før eg gir meg og går tilbake på å trene rein markløft igjen. Dette er eit mål eg vil prøve på før jul. Usikker på vekta, då eg har 105 i vanleg mark. Eg burde klare det i sumo marken og, kanskje litt meir. Men då må eg lere meg å ete betre slik som eg gjorde denn gongen då det maxløftet skulle tas.

I går utførte eg 3 sett på 5×80 kg i sumo mark. På vanleg mark har eg ofte gitt meg etter 2 reps på 80, mens i går kunne eg godt teke 6. Gledar meg til å sjå til jul om eg klarar få opp 110 -112 !

ad88c3c3ff793c16e98ae968e5849513

Sumo markløft jobbar litt mindre med rygg, og litt meir med lår og sete. Den tek veldig godt på sete synst  eg,pga at du står breiare enn i vanleg mark. Supert om du ønsker å bli sterk i lår og setemusklatur!

6f34490b857940c86ee7a700043b69a7

Ser fram til ein kosleg og roleg laurdag, med muligens litt sprell ute med jentene ikveld, får sjå kva viljen seier 😉

Ha ein super laurdag folkens! 🙂 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s