Havreskiver vol. 2

Heisann!

 

Nesten nettopp kommen heim frå ei skulder og bryst økt.

Økta blei relativt god, må fortsatt vere litt forsiktig med skulderbelastningen kjenner eg. Blir veldig fort stiv og stram i nakken av noken av øvelsane, og det brenn litt i øvre del av skuldera. Truleg ein samenheng med jobben og.

 

Til kvelds i kveld lagde eg meg havreskiver. Var ganske tom for havregryn, so det blei berre 40 gr. Dermed blei det ei litt ny oppskrift i dag av havreskinene, og den blei ganske god! 🙂

 

Havreskiver vol. 2 ! 🙂 

  • 40 gr havregryn – 1 kopp
  • 1 egg
  • 2 ss finmalt speltmel
  • 2 ss cottagecheese mager
  • 1 god klype havsalt
  • 1/2 ts bakepulver
  • 1 lita ts fiberhusk
  • vatn til passleg konsistens

Bland alt godt i lag og steik som lappar i panna på medium varme.

Kan nytast med godt pålegg eller brukast som pannekaker med syltetøy på !

Gjer dei om til pannekaker slik –

  • Kutt ut saltet – ha i 1,5 ss sukrin istaden.
  • litt kardemomme

Topp gjerne med cottage cheese,frukt og honning 🙂

 

Snapchat-7498183788041494360

 

Denne søtfisen ville ikkje at eg skulle reise på jobb i dag.  ❤

 

Ha ein fortsatt fin onsdag kveld da folkens ! 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s