Hei og god søndag alle! 🙂
Eg har brukt søndagen min på avslappning, litt kosetrening og loads med pepperkake baking med søss 🙂 Med julemusikk i rommet, kakao og pepperkakeduft i rommet, var det litt vanskeleg å ikkje få julestemning på ein nokså grå søndag 🙂
Glømde faktisk ta bilde av det ferdige resultatet, men me fekk vertfall 3 store fulle boksar til saman. Burde rekke til romjula! Fekk også å prøve meg på brende mandlar som pappa fekk. Må absolutt lage meir av dei, det var jo so enkelt og kjapt gjort 🙂
Seinare i veka må me få pønte kakene å gjere dei enndå finare !
Lilo var veldig nyskjerrig på kva me dreiv med på bordet, og kjende den gode lukta av deigen som ho fekk smake litt tidlagare i kveld. Deigen er jo best når den er usteikt 😉
Det blei ei lita økt på rygg og skuldrar i dag. Energien var ikkje på topp, men klarte likevell gjere meg ferdig med dei vektane eg pleier å bruke, til tross at det frista berre å reise heim igjen.
Gikk ført i motbakke på mølla i 20 min før eg starta.
Pullups med strikk 4×4 ( herregud ,tenk at eg klarte 12 uten strikk på diett! Seier litt om kor tung og utrent eg er på akkuratt den øvelsen no! ;P )
Sittande roing 3×10
Enarms roing 3×12
Smal nedtrekk 4×8 ss. lats drag 4x 10-12
ståande arnoldpress 4×8
sidehev 3×8-10
fronthev i kabel 4x 12-15
biceps curl 3×6-8
Resten av kvelden skal bli i sofaen med Netflix trur eg. Må prøve få i orden lunsjen til i morgo og.. Ahff. Nokre gonger er mat eit tiltak å ordne til.. 😛
Ha ein fin søndagskveld alle!