Tips til ei magrare jul !

Heihei!

 

Er du ein av dei som vil prøve å holde vekta mest mogleg i jula?  Med tanke på julemat, dessertar og julesnop  som er tilgjengeleg heile jula, kan det virke litt vanskeleg. Berre julematen i seg sjølv kan ligge på rundt 1500 kcal  per talerken. Rimeleg feitt for å sei det slik. Men jula er berre ein gong i året og det er det mellom nyttår og jul som tel, ikkje jul og nyttår 🙂

Men litt tips for å gjere jula litt magrare kan eg gi dikka 🙂

 

 

  1. Skjære vekk feittet på både ribba og pinnekjøttet kan du faktisk spare opptil 500 kcal på. Personleg gjer eg alltid dette, klarar ikkje ete feitt som eg ser er der. Men svora på ribba kan du fint ete, sjølve den er ikkje det verste du kan ete! 😉
  2.  Ved å kutte ut litt smør og fløyte i kålrabi stappa og erstatte det med sjysaus frå pinnekjøtet, vil dette minske kcalinnholdet. Dette gjer du ved å ta sjy frå pinnekjøtet, la det kjølne og ta vekk det øverste laget med stivnet feitt og hell resten i kålrabistappa.
  3. Kjenn etter når du er mett, et litt saktare slik at magen held tritt og kjenner sjøl når det er nok. Du skal trossalt ha plass til desserten òg! 😉
  4.  Om du har tid, ta deg ei god treningsøkt før middagen, om du tek det etterpå er nok kroppen for slapp og tung til å kunne utføre ei god økt.
  5. Lag ein sunnare versjon av julesnop i lag med the real deal, so har du litt å velge mellom. Det finst masse snop som kan sunnifiserast no om dagen, alt fra pepperkaker,kakemenn, seigemenn, marsipan, sarah bernard osv. Det kjem litt ann på viljen 🙂
  6.  Prøv å ikkje ha feit mat til middag heile jula, men ting som torsk og kalkun er kjempebra og magert til julemiddagen eller julelunsjen!
  7. Likar du å drikke øl til maten, kan du prøve den i light. Men de fleste vil eg tru går for den skikkelege jule øla 😉  Men for den som tenkjer litt ekstra på dette er light eit godt alternativ!

 

Det var mine tips som eg sjølv kjem til å følge litt. Treninga skal eg få inn som vanleg og alt det anna får gå sin gang, eg skal nyta jula masse vertfall! 🙂

juletallerken

 


På Linda Stuhaug sin blogg, fin du eit godt utvalg av sunnare julesnop 🙂  Trykk her for å komme direkte til sida!

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s