Reverse diet – Kvifor og korleis

Hei alle fine!

Eg tenkte å skrive litt om reverse dieting,  noko som oftast brukast til 2 ting. Eg vil nevne at eg her tek mest hensyn til kvinner.
NB. Innlegg oppdatert.

Kva er reverse dieting?

Reverse diet ligg litt I ordet. Lat oss sei at du har vore på ein strikt diett og underskudd der målet har vore å gå ned I feitt  %. Kcalori nivået har då vore lågt. Om dubhar delteke I fitness konkurranse er det lurt å prøve ut dette for å gradvis venje kroppen til meir mat. Eg har sjølv gjort det og hadde gode erfaringar med det ☺
Ofte når ein slik streng diett er ferdig og du skal tilbake til vanleg kvardag, der målet til slutt skal vere å ete utan ein matplan  å sjå på, kan dietten reverserast for å oppnå best mogleg resultat utan å legge på seg altfor mange av dei kiloene du allerede har teke av og for å unngå å holde for mykje vatn. Dette gjer me ved å gradvis auka kcaloriane.

Korleis fungerar det?

Lat oss sei du har vore på ein diett på 1700 kcal pr dag. For at kropp og forbrenning skal bli vandt til meir mat, bør kcal økast gradvis veke etter veke,  til du ligg på vedlikeholds nivå, eller overskudd om å bygge mest mogleg musklar er målet.
Dette gjer du enkelt ved å øke med 100 -150 kcal meir som du et kvar dag første veka, (1800-1850 kcal pr dag)  deretter økar du 100 meir neste veke. Heilt til du ligg der du vil vere, og der kroppen tåler å vere utan å legge på seg for mykje feitt og vann. Her kan du sjølvsagt kontrollere litt med vekt eller målband for å forsikre deg at det får som det skal om du er usikker. ☺
Når det er sagt er det også slik at kroppen får eit forbrennings boost når maten aukar, om ein har vore lenge på underskudd ☺

Forbrenninga tilpassa seg inntaket av kcaloriane dine som gradvis bli oppjustert, istaden for at du går frå 1700 til 2100 kcal  BANG på ein dag og kvar dag framover. Då får  kropp og forbrenning eit lite sjokk og begynnar lagre det som ikkje vil brukast I kroppen  i feitt lagera = Det blir for mykje å bite over og å jobbe med.

Her er det lurt å ta til bruk ein kostholds app eller rådføre seg med fagperson
som kostholdsvegledar og få matplan  ferdig oppsatt veke etter veke, for å ha oversikt over kcalinntak og matvarer.

Kan du dette med kcaloriar  og fordeling frå før av, anbefalar eg Lifesum appen. Super app!☺

Ligg du allerede på vedlikeholds nivå, type 2000- 2200 (alt etter kor aktiv og type trening du har ) men vil øke litt meir for å prøve bygge meir musklar og å vere sikker på at kroppen får det ein treng for tilrettelegging av dette ville eg prøvd øke med 100 kcal. Det blir tilsamen blir 700 kcal meir mat I veka. Her ville eg ha testa ut i ca 3 veker for å sjå utviklinga av  på kroppen og korleis du føler deg, samt skjekka vekt frå start til slutt. Det er ein fordel at du får mesteparten av kcaloriane dine av protein, karbohydrat og samt ein mengde feitt. Kroppen er avhengig av litt feitt for at han skal fungere optimalt.

image

Synst du vekta økes for mykje – Kutt ned litt på karboen og erstatt med proteiner og følg med herifrå igjen. Test ut litt, alle  reagerer forskjellig. Finn din beste måte å bli betre på☺
Du er din eigen konkurrent!

image

Pr dag i dag ligg eg på ca 1750-1800 kcaloriar pr dag, der laurdagane kan eg skeie ut det eg vil. Eg ligg litt I underskudd, men no ønsker eg å prøve øke kcaloriane , for å sjå korleis kroppen og treninga osv vil reagere på dette.  For eg VEIT at skal eg klare bygge litt meir musklar på enkelte plassar, er mat hovedfokuset. Kroppen treng byggesteinar for å utvikle seg!☺

Trur eg alltid har vore den type jente som er litt småredd for kcaloriane, men av erfaring også tåler ikkje kroppen min so altfor mykje kcaloriar før det bjønar hope seg opp litt. Men no vil eg trene opp forbrenninga mi til at den skal tåle meir mat. ☺ Slike ting er alltid spennande,for å sjå korleis utfallet blir ☺

Prøv deg litt fram! Kvar kropp er ulik og reagerar forskjellig, men prinsippet er det samme☺


~ Marlen ~

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s