Spicy kylling wok med heimelaga woksaus

Heisann!

 

Etter at eg første gong smakte ein sterk kylling wok rett i Bergen på matbørsen, vart eg litt forelska i denne og har leita å grubla litt  på kva denne sausen kunne inneholde og ikkje minst heitte. Fant endeleg ut kva han heitte, som var chicken gongbao, og ville prøve  sjølv heime. So nerme som muleg den smaken vertfall;)

 

Woken blei vertfall dritgo, og minte meg litt om denne retten. Men det er rom for forbedringar, og neste gong skal han bli ennda bedre med litt fleire eller andre ingrediensar 🙂

 

Til 1 pers steikte eg opp 180 gr kyllingfilet med finhakka ingefær,  krydra med havsalt, litt chilli, pepper og koriander. Eg hadde også i 3 ss kokosmelk, som oppskrifta egentleg ikkje skal ha, men her måtte eg berre prøve. 🙂   Har kyllingen i ei skål.

Steikte opp wokgrønnsaker og hadde i litt kyllingbuljong og 6 ss vatn.

 

WOK saus

2 ss kikkoman, grønn med mindre salt

1,5 ss riseddik

6 ss vatn

1 ss sukrin gold ( eller vanleg brunt sukker )

1 ts potetmjøl

 

Hadde så kyllingen i grønnsakene, og deretter heller eg i woksausen. Let det purte i 1,5 min ca. og  server med ris ved sidan av og cashew nøtter på toppen. Eg hadde mandlar so eg brukte dette. Men det beste er cashew nøtter 😉

 

Snapchat-8871687571910228288.jpg

 

Yummyum. Etterpå hadde eg ei knall ryggøkt 🙂

 

Imogo skal me på kurs rett etter jobb. Blir spennande å sjå kva dei har å by på når det gjeld v(h)år motane i år! 🙂

 

Ha ein fin tirsdagkveld !

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s