WINTERWONDERLAND

Heihei!

Fekk ikkje tid å dele dei fine bilda frå turen vår i går til Flatningane.

Flatningane er ein støl på fjellet som me har hytte på, ein nydeleg plass!

Eg skulle opp dit med ein gassovn pappa ville ha opp, og sia han ikkje var so altfor tung ville eg ta dette som ei treningsøkt opp med randonee ski.

Ovnen vogde rundt 12 kg  vil eg tippe, men med skiutstyr blei det fort 20. Trudde mi siste tid var komme eit par gonger, herregud kor tungt det var opp dei bratte bakkane. Men opp kom me! 🙂 Og det var verdt slitet for den fine utsikten på toppen og skreiinga ned igjen 🙂

 

IMG_20160206_174944Snapchat-6089996138923693100

Var litt spesielt ver på fjellet igår, fort vekslande skyer og blå himmel, men veldig fint 🙂

Snapchat-7576223712577867771

20160206_124521

Det var ikkje lenge me var inne i hytta, då det var kaldare inne enn ute. Skreiv i  hyttaboka, åt litt kjeks og skreidde ned igjen 🙂

IMG_20160206_180104

Snapchat-6089996138923693100

I dag er det fastelaven! Eg har alder laga ferske gjærbollar før,  men gjer eit forsøk slik at far i huset blir fornøygd 😉 Håpar dei blir bra 🙂

Passar bra når det er litt ruske ver ute, ellers hadde det blitt ski i dag og sikkert 🙂

Ha ein fin fastelaven søndag! 🙂

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s