Hei!
Ha vore aldeles nyydeleg dag idag😊 Me nytta søndagen til ein skitur opp på Bondehaug 700+ moh 😊
Varm te og sjokoladekos på toppen😊
Sogn skisenter i bakgrunnen her.
Etterpå åt me lasagne,kylling og ris hos mamma, perfekt etter ein skitur i sola😊
Igår var ikkje formen heilt på topp. Eg var sikker på at eg vakna sjuk i dag, men formen var heilt fin! Heldigvis😊 So i går blei det ein roleg kveld og burgermiddag med søstrene og typen til eine av dei.
Burger med blåost og bacon, smaksbombe!😀 Blåmuggost er ordentlig godt på hamburgar!
Det blir litt foodprepp og sofakos resten av kvelden.
Håpa alle har hatt ein kjempefin søndag! 😊
Advertisements