Favoritt øvelsar for hamstring

 

Ofte kan det vere at ein gløymer hamstring litt og blir underutvikla der, og all fokus ligg på framside lår ( quads ). Det er bonus å vere sterk i begge deler både for estetikken sin del men  òg for å vere sterk/ kunne øke i enkelte øvelsar der hamtring er inkludert, som feks markløft.  Vil du bli sterk i markløft må du også vere sterk i hamstring og ikkje berre i Quadriceps. Når eg starta å trene var liksom denne delen ikkje noko eg prioriterte å trene, men eg ser no kor viktig den er om du vil bli sterk i beinøvelsar. Det er viktig å trene heile beinet skal du øke å bli sterkare i øvelsar, og i forhold til utsjånad om du fokuserar på det i tillegg 🙂

Å trene hamstring er også bra for å forebygge kneskader. Tidlegare har eg slitt litt med eit kne, so dette har eg litt i tankane at eg skal bygge heile beinet ikkje berre fokusere på framside.

Som de ser på bildet under består hamstrings ( baksidelår )  av 3 deler.

 

 

Mine  absolutt 2 favorittar som eg alltid har på beindagar er :

  • Legcurl i slynge

Denne er til erstattning for  sittende/ liggende legcurl i maskin, som du også kan velge å ta. Grunnen til at eg velger å ta denne varianten er at maskina me har på vårt senter ikkje treffer godt nok( sittende lårcurl) , og maskina er generelt  litt dårlig stilt til denne øvelsen. Derfor velger eg å bruke slynge da eg får rå kontakt med hamstring i den 🙂

  • Strake markløft / romanske markløft

Denne tar veldig godt på både hamstring og nederste del av rumpe. Skvis rumpa på toppen når du løfter opp, for litt ekstra trening på den 🙂

 

 

Som regel kjøyrer eg berre 2 isolasjons øvelser på hamstring, og trener knebøy og markløft osv der hamstring blir inkludert.

 

Andre øvelsar som går på hamstring :

  • Eitbeins strakmark, hantel eller kettlebell
  • Liggende legcurl
  • Goodmornings ( også god for rumpe! )
  • Pulltrough ( også god for rumpe! )

Eg varierar veldig mellom alle desse øvelsane. Variasjon er viktig for framgang, det å sjokke kroppen kan gi deg gevinstar! 🙂

 

2016-01-08 20.36.00

 

 

Ha ein flott start på veka alle! 🙂

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s