Billeg glede

Heisann! 
Reknar med dei fleste har fått med seg på Facebook om dagen tek det jo av med dette 2,90 kroners snopetilbudet. Mange jublar (inkl litt meg sjøl) og mange synst dette er tåpeleg og feil og at ein heller burde ha supersalg på frukt og grønt. 

Kva synst du om dette?
Mi meining er at so lenge folk ikkje kjøper og et av dette kvar dag frem til påske, og kanskje må dei kjøpe ennda litt meir til påskeegget. Nokre vel til og med kanskje å ete smågodt dei har liggande istaden for næringsrik sunn mat. Her blir det sjølvsagt feil og du skadar berre kroppen din innvendig og føler deg ræva. Tru meg.
 For dei som prøver å holde ein sunn livsstil og vekta nede burde ein unngå å kjøpe inn slike fristelsar i hus. Det fører til at ein inntek meir, og stagnerar heilt i vektnedgang om det skulle vere målet. I værstefall kan sukker i store dosar føre til diabetes over tid. 

Eg kjøper sjølv snop, men eg et det kun på lørdagar. Det ER lov å kose seg innimellom å belønne seg sjølv når ein har  vore flink! Men alt med måte!😊

BALANSE er nøkkelen! 

Det at det er snakk om at dei burde heller ha frukt til salg for 2,90  for å få folk til å velge sunnare, veit eg ikkje om hadde funka. Det triste med frukt og grønnsaker er at dei held seg ikkje so lenge å blir gammalt. Dermed hadde folk kjøpt i mindre kvotar. I bunn å grunn burde jo all frukt og grønt og generelt sunn og reindyrka mat skulle ha vore billigare og godteri osv skulle vore dyrt. Då hadde ein oftare valgt vekk snopet og dermed kanskje minska litt av fedmen og sjykdommane som fører med her i verden. 
Men ikveld lot eg ikkje ein 2 kilos boks stoppe meg! Pluss litt til….haha 😊 Men eg har den regelen at eg kun et snop 1-2 dagar i veka, og dette greier eg å holde utan å sprekke å hyve innpå. Denne boksen Held lenge, og langt over påske. Og den skal nytast med god samvittigheit!

   
 
Før trening blei det litt kjapp mat. Mager kesam, ca 1/3 kokosmelk light,sitron ekstrakt, granola ,1/2 banan og litt peanøttsmør. Ga meg fantastisk trykk på trening! 

  

Dagens økt på gymmet før snopeshopping blei sånn :
Einarms press med stang (har eine enden av stanga knekt hjørne)

Arnoldpress

Upright row ss fronthev

Foroverlent sidehev

Sidehev

Planken 

Roman chair
Og den blei knallbra! 😀

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s