Lasagne pizza med lomper

Heisann! 

Etter 1 times gåtur oppigjennom fjella var det på tide med litt mat i magen. 

  
For lenge lenge sia prøvde eg meg på Speltlompe lasagne. Denne gongen lagde eg med vanlege lomper, enkelt å greit fordi dei var tomme for spelt.  Sausen eg lagde no minte veldig om pizza, dermed navnet lasagne pizza 😉 Eller kanskje fleirlagspizza? 😉 Resultatet blei ganske godt, og det blir ikkje siste gong eg lagar denne 😊
Pizza lasagne oppskrift 

– 1 karbonadedeig pakke.

Steik denne med litt salt, pepper og paprika krydder. Hell kjøttdeigen i ei skål og begynn på sausen.
Lasagne saus: 

– 1 boks knuste tomater med basilikum 

– 1/2 løk

– 2 fedd kvitløk

– 2 ss tomatpuré 

-1 glass vann

– 1 Ts salt

– 1 ss sukrinmelis/sukrin eller sukker
Start med å frese løk og kvitløk i litt olje. Tilsett deretter alt det andre og lat det putre i ca 5 min. Smak deg litt fram 🙂 Ha i kjøttdeigen igjen og lat det godgjere seg i ei lita stund til.

Finn ei avlang glas form som du vanlegvis vil lage lasagne i. Legg 2 lomper attme kvarandre og dekk dei med kjøttblandingen. Legg deretter 2 lomper oppå igjen og gjenta med kjøtt,lomper og kjøtt ein gong til. Legg lett ost oppå og steik i ca 15 min på 225 gr midterste i ovnen. 
 
  
  

 

Advertisements

2 Comments Add yours

  1. Christina seier:

    Mmm, denne må prøvast!! 😋😋

    Likar

    1. Ja det var veldig godt! 😄

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s