Perfekt helg med blå himmel og fjelluft!

Heisann!

 

Denne helga har vore so bra, bra ver toppa alt 🙂 Herleg å kjenne sola varmar!

Fredag bestemte eg meg for at om det var bra ver lørdag skulle det bli fjelltur. Ein tur eg har hatt lyst å ta er turen opp på Flatnigane der me har hytte, og deretter vidare opp på fjellet. Berre for å sjå kva som er der oppe og sjå kva eg kan sjå der ifra 🙂 Heilt rart at eg ikkje har gått opp igjennom der før, men eg har vell ikkje hatt interessen før no.

Eg såg litt på kart før eg reiste og fant ut kva plassane heitte der oppe.

Det var fint ver men sola var bak ei svær sky heile turen opp. Når eg var nesten oppkommen fekk eg endeleg 15 min med sol 🙂

 

Fil_001 (4)Fil_008

Dette er tatt rett ovanfor Flatningane på den øverste hytta oppi bakken.

 

Fil_002 (3)

Nokre få cm med herleg pudder på toppen 🙂

Fil_000 (17)

Var veldig bratte parti oppover, og måtte ta fleire korte stoppar for å unngå melkesyra.

Fil_003 (1)

Fil_000 (12)

Her ser det faktisk ut som om eg har redigert fargen blåare, men den er faktisk so blå og fin! 🙂

Fil_004 (1)

Fil_005 (1)

Litt real bygge mat når eg kom ned igjen og før økt 2 venta. Kjapp og bra ryggøkt før eg reiste hit til mamma og dei og lagde mat med ho. Favoritten min enchiladas sto på menyen! 🙂

Fil_006 (1)

Fil_007 (1)

 

Var egentleg i dag eg burde hatt fjell turen min, for i dag har det vore skyfritt heile tida. Fekk gjort litt utearbeid med pappa rundt huset her, sola oss litt og middag hos mamma igjen 🙂 Roleg å fin søndag som skal avsluttast med felles kveldsmat og litt speling hos pappa:)

Fil_009

 

Håpar på fleire soldagar denne veka slik at eg kan rømme til fjells igjen!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s