Maten din etter trening, forskjell på styrke og kardio?

Heisann!

Påfyll av mat etter trening er viktig.  Kva er det enklaste og beste å få i seg ?

Og er det forskjell  på maten etter trening om det kun er kardio du har trent, eller berre styrke ?  Både ja og nei.

Mange foretrekk noko kjapt og enkelt som proteinpulver etter ei styrketrenings økt.

PULVER:

Proteinpulver er genialt å ha på farten og etter trening om ein følger eit litt stramt regime, og kanskje ikkje rekk heim før etter 1 time og må ha noke der og da. Men er du ein av dei som ikkje skal på noko konkurranse osv. og får i deg nok mat iløp av ein dag, anbefalar eg at du startar med å få i deg proteinane ifrå mat. Rein,bra proteinrik  mat. Det er super enkelt å få i seg det ein treng av proteinar pr dag. Ein  fordel med å ikkje bruke pulver er at du føler deg meir mett. 1 shake versus 130 gr kylling filet med grønnsaker mettar myykje meir enn berre ein proteinshake.  Proteinshake anbefalar eg når du har trent ei stund og LÆRT deg å ete ordentlig! 😉

 

MAT  :

Etter ei tung styrkeøkt har kroppen brukt både karbohydrater og feitt som energikilde. Økta har og brytt ned musklane og gjort dei slitne.  Etter ei slik økt er det viktig at du etter minst 30 min har innatt ei form for næring, før du kanskje 1 time etterpå har hovudmåltidet etter treninga. Som eg har nevnt før, start med å lære deg å ete først og ikkje ty til pulver, det er ikkje det som vil bygge opp musklane om du er i ein startfase.

Rett etter ei slik økt er det ein fordel å innta noko enkelt  som feks. ete 1 banan, samt 200 gr cottagecheese eller 2 egg. Her får du både raske karbohydrater som lagrar seg i dei slitne musklane dine og protein og feitt som restituerer musklane og gir kroppen næring til å bygge seg opp igjen.

Mange kan i begynnelsen ta litt feil her, kanskje dei hyver i seg litt junk food etter trening, for dei har jo allerede forbrent 400 kcal ? Og dei vil jo bli stor og sterk!  Kvifor ikkje spise dei kcaloriane i ein sjokolade eller litt kjeks eller chips ? JO, for hadde du istaden ete 150 gr kylling og 200 gr potet so hadde du vertfall sitt mykje betre ut enn når du åt sjokoladen og kjeksa. Kyllingen og pota bygger meir musklar enn det som er produsert og fult i transfett,sukker.  Tenk litt på kva du putter i deg rett etter trening, for etter du har trent er det som om musklane har opna seg, og  Det du gir kroppen rett etterpå vil kroppen suge til seg og lagre og bruke som energi seinare. Velg bra, sunt og reinare enn det du har gjort før! 🙂

 

Er du ein av dei som fokuserer på kardio og spring mykje og synst det er kjekt, treng du meir av karbohydrater rett etter treninga om du feks. ofte har 1 times jogging.  Når du kjøyrer langturar med jogging og høgre intensitet over lang tid, brukar kroppen hovedsakeleg karbohydratane /glukosen som er lagra i kroppen opp først, men også feitt lagera etter ei stund. Etter sånne turar blir  du  ganske tom og seig  etterpå og treng ny energi og for å få opp blodsukkert litt att. Her kan du fint ete ei lita eske med rosiner, energibar/proteinbar og litt mandlar for å få tilbake energien og for å korte ned restitusjonstiden. Her får du karbohydrater og protein og litt feitt.

Alle 3 næringsemna anbefalast uansett kva trening 🙂 Det er heller ikkje alltid ein treng innta næring rett etter trening. Ein kan føle å kjenne litt på kroppen om det trengst. Har du berre hatt 30 min med moderat trening kan du heller vente til ditt neste måltid som kan vere innen 1 time.

Etter 1-1,5 time er det på tide med eit litt større  måltid unasett kva type trening, for å gi kroppen næring  og for å gi den byggeklossar. 🙂

Hugs dette neste gong du er på trening! 🙂

 

Etter ryggøkta mi i dag lagde eg meg søtpotetfries og kylling med salat og avokado.  Her får eg alt kroppen min treng av byggeklossar 🙂 NAM!

Fil_000 (20)

 

Kjøpte med meg litt motivasjon heim fra trening 🙂

Fil_001 (7)

 

Ha ein fin kveld vidare!

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s