Ei natt mellom majestetiske fjelltoppar

Der finn du desse fjellgeitene😉

Sognafjellet 1400 moh. Me campa over Turtagrø. Heldigvis blei det kun ca 500 meter å gå frå vegen med desse grisetunge sekkane😉 Neste gong skal me utforske fjellområdet meir.



Himmelen klårna heilt opp i det me begynte å sette opp teltet. Då er det heilt fantastisk der oppe!
Pinnebrød på bolet og orientalsk kjøttgryte på primusen, maten blei 100 ganga bedre der oppe!

Altså, kan det bli betre?

Me la oss inn i teltet ca halv 11 mens sola sa god natt til dei flotte toppane.


Me låg litt hardt og vakna ein del gonge, men slik er teltlivet😉

Til frukost lagde me oss pannekaker. Det var litt vrient i starten men til slutt ville primusen samarbeide me oss og dei blei knallgode!😉

Etter pannekakene sovna me faktisk begge to ei lita stund i teltet før me kort tid etter pakka og reiste heim 😊
Gler meg til neste gong!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s