Hyttetur

 

Heihei!

Tirsdag reiste eg og søstrene opp på hytta. Gamlefar kom litt seinare til middagen 🙂

Det var superherleg å vere der med familien igjen! Det er nok nokre år sidan nesten alle har vore samla der oppe og overnatta ilag.

Ferien min er snart over, men eg håpar på fleire fine overnattingar her oppe i sommar 🙂

 

Fil_007 (4)Fil_005 (4)

Fin utsikt til Eiggi frå soveromsglasa 🙂

Fil_006 (4)

 

Fil_002 (15)

Mange fine hestar der oppe, dei var ikkje alltid like populære men 😉

Fil_000 (34)Fil_004 (7)

Fil_000 (33)

 

Om kvelden opna himmelen seg heilt og det vart fantastisk fin stemning der oppe! Me lagde bol og grilla pinnebrød med pølser i.

Fil_002 (14)

Fil_000 (35).jpeg

 

Og kva er vell hyttetur utan egg og bacon til frukost og masse sjokolade og anna snacks ?  😉

 

Før me pakka og reiste ned igjen gjekk me ein liten fjelltur opp på Bergskar. Eit lite skar /topp på knappe 1000moh som ligg rett ovenfor  flatningane.

 

Fil_001 (17)

 

 

På veg heimatt kjente eg kor sliten eg egentleg var i beina, etter 2 dagar med mykje fjellgåing og intensive beinøkter dagane før. No regnar det ute so passar bra at beina får litt kvile frå turgåing. Sjølv om eg har veldig lyst å trene litt styrke på bein i dag, for variasjonen sin del 😉

Deler økta seinare om det blir!

 

Ha ein fin tordag!

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s