Bilde update frå mørkridsdalen og Fannaråken!

Heisann!

Sia sist her inne har eg vore ein del i fjellet og holdt meg oppteken med ting og tang, ferien har gått so fort og no er det berre ei veke igjen til jobbstart.

Her er nokre bilder frå rundturen me hadde til Bølifossen og vidare rundt om til Dulsete og ned igjen. Fantastisk tur som eg vil anbefale fleire å gå! Me brukte rundt ca 5 timar inkludert litt pausar på heile rundturen. Fantastisk natur  heile vegen men fine elvar og små vatn. 🙂

 

Fil_000 (39)Fil_001 (22)Fil_002 (19)Fil_003 (14)

 

Dagen etter denne rundturen skinte sola òg so det gjekk endeleg an å sole seg å bade litt 🙂 Ein liten båttur med grilling på sørsia har me fått til og. Det er ein av dei kosligaste tinga å gjere  her om sommaren 🙂

Innimellom har det blitt litt styrketrening og.

 

 

 

 

på søndag tok me turen til Fannaråken. Denne turen har eg hatt kjempelyst til å gå denne sommaren, og endeleg var det ver og tid til det 🙂 Min første 2000 topp so langt. Den var tung og lang, men kanelbollen på toppen var verdt det 😉 Herleg følelse når du da var nede igjen. Ein is på Turtagrø og ein stor slurk øl var tidenes da! 😉

Fil_000 (42)Fil_005 (8)

 

Heile turen gjekk me opp i sol, men på toppen skya det litt til og me kunne høyre tordenbyene på dei andre toppane. Ned igjen turen var nesten verst, heeilt shaky i beina og kunne ikkje vente med å komme ned på grusvegen 🙂

 

Endeleg har eg fått kamera i posten, eg har venta over ein månad på det pga vente liste. Gledar meg til å ta masse fine bilder av turar osv.med god kvalitet! 😀

 

Ha ein fin tirsdag so lenge! 🙂

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s