Bakt søtpotetmos på 1-2-3

Hei!

 

Søtpotet er veldig godt, om det det blir laga på rett måte. Eg diggar søtpotet som er kutta i tynne skiver og steikt i ovnen  med masse krydder på til det blir sprø. Blir dei ikkje sprø eller godt nok steikt, smakar det ikkje so godt. Prøv ein gong til om det ikkje vart so vellykka første gang, og steik dei på varmluft 🙂 Har høyrt mange ikkje heilt får til denne søtpoteta 🙂

Men eg har ein anna metode som er kjempegod, men svært skjeldan tek meg tid til. Før eg reiste på trening  i går slengde eg to stk søt poteter i ovnen, og dette er jo so enkelt for dei steiker seg sjølve! Dei sjal stå i ein time so du kan faktisk ta deg ein gåtur i mens !

Du tek ein kniv og kuttar poteta kun halvt igjennom og pakkar inn i folie og legg på eit steike brett eller ei form med litt vann i. Dette fordi skallet ikkje skal svi seg, men ofte går det bra utan. Steik dei på 250 gr i 1 time- 1t og 15 min. Ta dei ut og skjekk etter kvart. Potetene skal vere heilt møre.

Når de er ferdige skjærer du av endane og drar av skalet. Eg hadde alt oppi ein boks og moste alt til slutt med pepper,havsalt og litt kvitløkskrydder.Dette gir meir smak på det, men er absolutt godt utan krydder og 🙂 Du kan også prøve med kanel og vanilje ekstrakt i for ei søt potetmos 🙂

 

Fil_000 (48)

Ein ting til som er smart med denne måten å lage søtpotet mos på. Om du steiker to store søtpoteter som eg gjorde, so har du middagstilbehør i opptil 3 dagar framover!  🙂 Berre ta ut av kjølen og varm opp!

Perfekt for meg vertfall, for denne veka har det faktisk nesten gått i proteinpannekaker til middag kvar dag, fordi eg har vore so svolten og det å steike kylling å steike potet tek for lang tid for ein svolten kropp. Men no har eg potetstappe i dagar frammover! 🙂

 

Fil_000 (49)

Ein av fleire pannekake middagar denne veka med sjølvplukka multesøltetøy og peanøttsmør 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s