So masse mat burde du som tenåring få i deg! 

Heihei!

Tenkte å skrive litt om det daglege kostholdet til jenter i tenåra og korleis det egentleg burde sjå ut, om du trenar styrke eller ei. Dette pga det er ofte dei som har kroppspress Og eg høyrer ofte skrekk eksempel når det gjeld dette med mat og slanking.

 For mange er rett og slett livredde for å legge på seg og er «obsessed» me å vere tynnast mogleg i vennegjengen. Og dei veit verken om dei et for masse eller for lite .Eg har inntrykk av at   mange et for lite  i dag,pga kroppspress osv.
 Dagleg ser eg og høyrer om jenter som et kanskje berre 3 brødskiver, og ein sjokolade iløp av ein dag. Halo, det er ikkje rart du ser småsjuk ut, bleik,trøytt og sliten etter skule, er humørsvingande ofte og tyr til sukker fleire gonger om dagen  !
 Ta dette som eit hint om at kroppen ikkje har det sånn som han burde og at han treng nok mat og ikkje minst sunn næringsrik mat. Dess mindre du et, dess oftare havnar kroppen i nødmodus og setter på bremsene for feittforbrenninga di. Det å hoppe over måltider er ikkje vegen å gå! Det skjønnar ein til eldre ein blir.

Er du i aktivitet og har som mål å få litt meir markerte musklar, då MÅ det mat til for at du nettopp skal få det. Maten er den som byggjer musklane opp. Og nok mat held forbrenninga normal. Får den for lite kan kroppen faktisk starte å forbrenne musklane dine samtidig. Og det vil du vell ikkje? 

For å klare byggje opp musklane trengst det protein (kjøtt Og melkeprodukt) , som er byggeklossene i kroppen. Karbohydrater (grovt brød,potet, grov pasta,frukt) treng kroppen din for å ha energi slik at den ikkje blir trøytt og slapp. Feitt (laks,nøtter,meieriprodukt,avokado etc ) treng kroppen din i moderate mengder for at alle organ inne i kroppen skal bli smurt , og viktige ting som hjernen treng feitt for å fungere optimalt. 

Alt handlar i bunn å grunn om at kroppen må få rett energi av mat. Lyst brød,sukker ,energidrikkar og chips er ikkje det kroppen vil ha, sjølv om det dagleg er ein del av kostholdet til dei yngre ungdomane. 
De er fortsatt i vekst fasen og kroppen treng næring frå alle kilder for at Den skal utvikla seg sunn og sterk!
Her kjem eg med eit enkelt eksempel på korleis dagen din kan sjå ut,med rett fordeling på karbohydrater ,proteiner og feitt. Ikkje minst nok næring iløp av ein dag. 
1. Frukost: 2 skiver grovt brød med 1 egg, 2 skiver kokt skinke og 1 glass appelsinjuice.

2. lunsj: 1 skyr yoghurt, neve mandler eller cashewnøtter, 1 banan. Vann ved sidan av. 

Ta med gulrot som du kan knaske litt på utpå dagen.

3. Middag : ( Lær deg å et det som mor lagar til middag. Og mor, lær deg å lage sunn næringsrik mat til alle i heimen 🙂 )

1 laksefilet, 2 medium store poteter,grønnsaker, litt saus.

Drikk vann eller sukkerfri saft ved middag og ellers ! 😊

4. Er du ute på trening kan du ta 1 glass sjokolademelk når du kjem heim. Smakar godt og du får i deg både protein,æ og. karbohydrater til kroppen😊 

5. Kvelds: 3 knekkebrød med følgjande pålegg ; makrell i tomat, 2 skinkeskiver, 2 gulostskiver, 1 glass lettmelk.
Alt det sukkerholdige kan du ete på lørdagar. Prøv å holde deg unnda sukkerholdig mat å drikke I kvardagen å ha det heller som belønning i helgane . Det smakar so mykje betre då!😊
 

Et og drikk godt iløp av dagen, og du slepp å sovne på skulepulten pga dårleg energi.  Ikkje minst søvn, minst 8 timar bør du ha!

 Hugs at kroppen er som ein ovn. Når den får mat med javne mellomrom og i moderate mengder, då forbrenn den kcaloriar jevnt over heile dagen! 😊 

Ønskjer du hjelp med kosthold, ta kontakt, send ein Mail til marle_91@live.no og eg skal gledeleg hjelpe deg 😊

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s