Heisann!
Onsdag og lillelørdag i dag, derfor blei det havregrynspizza til middag i dag. Raskt, enkelt og kjempegodt! Ikkje minst berre ingrediensar som er bra for kroppen 🙂
Denne er til ein medium stor porsjon til 1 pers. Heile denne oppskrita er på ca 500 kcal og kan nytast til kvardag som helg! 🙂
Eg måtte bruke litt skinke fordi det ikkje var nok kjøttdeig, i oppskrifta under kan du fint ta halvt om halvt om du ønsker 🙂
Oppskrift
Pizzabunn:
- 50 gr lettkokte havregryn
- 1 eggekvite
- 1/2 ts bakepulver
- litt salt
- litt pepper
- litt vann til seig røre ( 0,5 dl +- ca) prøv deg fram
Miks alt i lag og ha det over på eit bakepapir som ein rund tynn pizzadeig. Bruk gaffel til å trykke på plass. Forsteik på varm luft i ca 10 min på 225 grader.
Tilbered fyllet imens :
- 170 gr karbonadedeig
- pepper,salt,cumin,paprikakrydder og litt kvitløk om du vil
- Litt løk om du ønsker
- Tilsammen 30 gr så lett ost fra synnøve
Når botnen er ferdig tar du den ut og har på litt sukkerfri ketchup. Ha på halvparten av osten, deretter kjøttet,litt mais og resten av osten. Er du glad i sterk mat so er det veldig godt med litt chilli paste på! Steik på under og overvarme i ca 1o min til, til du kjenner botnen er crispy i sidene. Ha ein frisk salat ved sidan av eller ta det kjapt og enkelt som meg, litt agurk og avokado 🙂