Saftig bananbrød til kvardagskos

Heisann!

 

Tenkte komme med ei lita bakeoppskrift då det er lenge sidan eg har komme med noko nytt her 🙂 Testa det for første gong i dag, er jo genialt om du har nokre brune bananer liggande slik som eg hadde i dag! 🙂 Og det blei kjempegodt!

 

Brødet kan likegodt lages til kvardag som til helgekosen.

 

Oppskrift

2  bananer , most

130 gr havremel

2 egg

1 ss honning

1 toppa ss sukrin gold

1/3 kopp kokosolje ( ca 2,5 ss )

1 ts bakepulver

1/2 ts kanel

4 dråpar vaniljeekstrakt

1/3 kopp vann eller melk

 

Spar 1/3 del av den eine banana til å pynte med som topping om du vil, slik eg har gjort.

Smelt oljen og visp dette ilag med honningen og sukrin gold. Tilsett egga og dei moste bananene og visp godt. Tilsett deretter alt det tørre.

Hell i ei brødform og steik på midterste rille i 55 min på 165 grader.

 

Eg likar denne oppskrifta veldig godt, då det inneheld masse næring og er kun søta med naturlege ting (om du ser litt vekk ifrå sukrin gold som blir falsk søtning )

Berre ting som er bra for kroppen i dette brødet eller kaka om du vil kalle det dèt! 😉

 

Lat det avkjøle før du skjærer i det.

Kjem til å ete litt av dette brødet før eller etter trening som litt refuel og litt rask energi til kroppen. Også fin karbkilde til frukost kan eg tenkje meg! 🙂 Nam

Makroer : Karbohydrat – ca 135gr , Feitt – 60 gr, protein – ca 30.

 

dsc00503dsc00502dsc00500

 

om du vil spice brødet ennda meir opp skal det vere veldig godt med hakkede valnøtter i og tørket frukt! 🙂

Spises som det er, eller ta på peanøttsmør eller lett syltetøy ! Eg testa med sjokoladeproteinrøre oppå, som absolutt ikkje var feil 😉

 

Ha ei fin veke alle!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s