Proteinrike sjokoladetrøffler med smak av jul

Heihei!

 

I går lagde eg desse sjokoladetrøfflene som eg er so glad i. Perfekt å snacke på istaden for andre søtsaker 🙂 Perfekt attme kaffien! Ja, er klar over at eg høyrdes litt gammal ut no..

Men gode er dei! 😉

 

dsc00506

 

Oppskrifta har eg delt før men her er ho ein gong til, med ein liten vri.

 

Proteinrike sjokoladetrøffler

10-11 stk medium små dadlar, kjør desse i foddprosessor først.

1 flat ss kakaopulver

2 scoops sjokoladeprotein

3-4 ss havremel

1 ss smelta cocosa

1 ss sukrin/sukrin gold

1 klype havsalt

litt nellik

litt ingefær krydder

3 ss sterk kaffi

2-3 ss vann , eller meir, prøv deg fram

 

Etter å ha kjørt dadlane i foodprosessoren tilsett du resten av ingrediensane.

Ta alt ut når du kjenner du klarar å forme kuler av deigen. Deigen skal vere litt fast. Føles han litt for mjuk kan du også sette han i kjøleskapet ei stund.

Rull kuler og dupp i valgfri pynt. Eg brukte kakao, kokos og kakestrøssel 🙂

 

dsc00505dsc00507dsc00509

 

Lilo måtte sjølsagt smake ein ørliten bit.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s