Push your limits

Good morgon alle!

Nydeleg dag i dag! Ut å nye sola litt seinare tenkjer eg 🙂

 

Lagde meg havreskiver til frukost i dag, lenge sia sist eg har laga dei. Er gjort i full fart men tar meg oftast tid til det når eg har fri. Tomt for knekkebrød so eg måtte faktsik 😉

Veldig bra alternativ istaden for brød eller knekkebrød, om du har lyst å prøve noko nytt!

dsc00621

dsc00624dsc00623

 

Oppskrift 

40-50 gr havregryn

1/2 ts bakepulver

liti klype fiberhusk

1 egg

ein skvett vann

litt salt

 

Bland godt ilag og legg 3 «pannekaker» på panna og steik på kvar side. Alt slags pålegg er godt på desse! Mjuke og gode på smak 🙂

 

 

Den siste tida føler eg at eg har gjort det samme på trening når det gjeld vekta på øvelsar osv. Eg har liksom ikkje vore flink nok til å komme meg litt ut av comfort sona og tenkjer fort at ; nei, det blir for tungt det gidder eg ikkje prøve ein gong. Men slutt med det!

No har eg prøvd å «tvinge» meg til å legge på eit par ekstra kilo for å sjå kor mange reps eg klarar å løfte, om eg i det heile tatt klarar å få til EIT bra løft. I går trente eg bryst og eg hadde ei kjempebra økt der eg løfta tyngre på nesten alle øvelsane eg hadde. Brodern var med og me ennda opp å vere på gymmet i 2 timar. Men økta blei bra fordi om, litt lengre pausar gjorde og susen trur eg 😀

 

I går starta eg med å holde litt breiare i benkpress feks, trudde ikkje eg var sterk nok til å få opp so mykje som eg pleier å løfte med mitt vanlege grep men det gikk! Og det føltes bra. Berre det å endre litt på teknikken får ein til å føle ein mestringsfølelse. I skråbenk trente eg med 20 kilos hantlar istaden for 17,5 og i sittande militærpress testa eg 32,5 kg som gikk fint. Føler det er fleire øvelsar eg øker litt i no for tida og det gjere meg so glad! 😀 Ein del ekstra mat og trur eg gjere til resultata, det har virkeleg gått litt av skaftet dei siste to vekene men er i ferd me  å få orden på det no. 🙂

 

So rådet mitt til deg for neste veke er at du SKAL prøve 1-2 kilo ekstra i nokre øvelsar og ta so mange reps du klarar 🙂 Hugs at kroppen MÅ bryte grenser for å bli bedre og utvikle seg!  Det skal eg virkeleg tenkje meir på når det gjeld mi trening.

Ha ein fin lørdag alle! 🙂

 

dsc00616

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s