Pudderføre og Proteinrike Browniekuler

God søndag !

 

Gårsdagen var bra, fekk meg endeleg ein tur til fjells!  Herleg følelse med sol i fleisen og 15 cm pudder under skia.  Turen gikk opp på hytta og vidare opp til fjellryggen der eg kunne sjå heile sognefjorden med Molden i bakgrunn.

 

dsc00672dsc00684dsc00676

Her ser me ned mot lustrafjorden,   sørheim og  Feigefossen

file_000-4

dsc00682dsc00667

 

Gikk litt sakte ned igjen då eg valgte ha feller på, låra skalv som aspeløv til tider og eg var heilt ferdig. Fleire pausar på veg ned igjen med DEN syra i beina 😉  Kjenner ingenting i den foten som eg har vore dårleg i, so det var tipp topp stemning, og den lengste fjellturen eg har vore på hittil  i år etter den dårlige foten.

 

 

file_001-2

file_000-5

Følg meg på insta @marlen_naess for instafeed bilder 🙂

 

 

Seinare på kvelden lagde me mat hos mamma og resten av gjengen, Chicken Gongbao og salamipizza, nam! Og godis etterpå sjølvsagt, etter langtur på ski er det himmelsk med slike laurdagskveldar for å fylle på litt med god samvittigheit! 😉

 

I dag har det vore sofamodus og serie sjåing på viaplay. Fekk gått ein tur med Lilo og laga litt proteinkuler av nokre dadlar eg måtte bruke ellers so gikk dei i båset. 🙂

 

Desse kulene er so gode, og denne gongen smakte dei verkeleg som brownies deig!

Har delt grunnoppskrifti før, men kan dele den eg lagde dei av i dag med små enringar. Blir sånn ca mål då det blei laga på slump.

 

dsc00687

dsc00690

dsc00691

 

Proteinrike browniekuler

ca 10 dadler

2 ss havremel

2,5 scoop sjokoladeprotein star nutrition ( denne måleskeia er litt større enn andre produsentar sine )

1 ss kokosolje

1 ss peanøttsmør

2 ss sukrinmelis

2 ss kakaopulver

1 klype havsalt

4-5 dråpar vaniljeessens

ca 6 ss sterk kaffi

 

Kjør dadlene i foodprosessor til dei blir litt opphakka og ha deretter i kokosolje og peanøttsmør. Kjør ein gong med desse og ha deretter i resten. Kjør til det blir deigete konsistens og det går ann å forme kuler av det. Lat stå i kjøleskapet i ca 30 min slik at dei blir litt fastare konsistens og får kjøle seg litt pga den varme kaffien. NYT!

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s