Får du i deg for lite eller for mykje protein ?

 

Hei på dikka!

 

Dette med nok protein i kostholdet for dei som trenar for meir musklar er ein viktig ting, men kor går grensa og kva er nok og kva er for lite ?

 

Den almenlege personen får nok protein igjennom kosten i dag.  Men har du ein aktiv kvardag og trenar 2-5 gonger i veka eller meir er eit økt proteininntak gunstig både for metthetsfølelse og byggeklossar til kroppen.

 

Det er eit lite reknestykke for dei som lurer på kor mykje protein ein burde få i seg per dag.

Kroppsvekt x 1,2 – 2 gr er anbefalt. Feks ei dame på 65 kg som trener styrke 3 gonger i veka og har som mål å bygge litt muskler  : 65 x 2 = 130 gr protein pr dag = 520 kcal  av eit inntak på ca 2100- 2200 kcal.  Proteiner held deg litt lengre mett enn tildømes eit kosthold basert på masse karbohydrater. Resterande av kaloriane fyller ein på med fett og resten karbohydrater.

 

For lite proteiner til kvardags kan merkes med dårleg energi og trøttheit. I tilleg skal det vist merkes med at personer med for lite protein får blåmerker utan å skjønne kva dei har komme av. Personar som trenar 3-5 gonger i veka  treng ikkje over 2,5 gr protein pr dag om ikkje ein er veldig aktiv og har fleire enn 1 økt pr dag. Kroppen tek til seg dei proteinane den treng, overskuddet blir lagra i feittcellene og ut i urin. For masse protein kan også merkast med slappheit pga bekostning av karbohydrater og feitt.

 

Personleg er eg veldig glad i kjøtt og proteinrike matkilder, kanskje litt for glad. Enkelt og greitt fordi det held meg lengre mett. Men eg har hatt ein periode no som eg har vore ekstremt slapp og eg kjenner på kroppen at noko er det som ikkje heilt stemmer. Ikkje er eg sjuk heller. Eg har eit veldig høgt proteininntak som eg sjølv veit om, og eg  kjem til å eksperimentere litt meir no med å få lågare proteininntak i litt høgare på feitt og karbohydrater . Eg synst dette er veldig facinerande og eg elskar teste ut slike ting med kroppen 🙂

 

dsc00589

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s